Studentspretten starta kampen best, og var laget som hadde ballen mest i første omgang. Etter 12 minutt sat studentane frå Sogndal ballen i nettet bak Bremanger-keeper Kenneth Fosse Elde, men assistentdommaren hadde vinka av for offside.

Bremanger såg ut til å satse på kontringar i første omgang, og etter 26 minutt gjekk raudtrøyene opp i føringa. Eirik Rylandsholm sat ballen kontrollert i mål etter ei pasning frå Håvard Rosø.

Stillinga til pause var 1-0 til vertane.

I andre omgang snudde spelet, og bremangarane starta omgangen som det førande laget. Eit kvarter ut i andre omgang jubla bremangarane for nok ei scoring, men Martin Senneset, som stupheada ballen i mål, vart avblåst for offside.

Etter ei drikkepause i solsteiken på Bremanger stadion var det studentane som tok over initiativet og pressa heimelaget. Fem minutt før ordinær tid fekk sogningane utteljing. Eit innlegg frå gjestane endrar retning i ein Bremanger-spelar og ballen gjekk i mål. 1-1 vart sluttresultatet i Bremanger i ettermiddag.

Både Skavøypoll og Eid har også vore i aksjon i Kretsligaen dag. Polljarane måtte sjå seg slått av Stryn på Stryn stadion. Kampen enda 3-1. Stillinga til pause var 1-0 til vertane.

Eid sikra seg tre poeng på Dingemoen kunstgras i ettermiddagane. Gjestane vann 3-1 over Dale. Stillinga til pause var 0-2.