Håvard Hagen vart den store helten då Skavøypoll i dag slo Årdal. Polljaren noterte seg for tre scoringar i løpet av ein halvtime. Den første scoringa kom allereie etter tre minutt på Skavøypoll stadion. Ein corner frå heimelaget fann vegen til Hagen sitt hovud.

Polljarane hadde mange sjansar i løpet av den første omgangen, og dominerte i store delar av omgangen. Etter 27 minutt datt eit frispark frå Eivind-Rune Flataker ned hos Hagen som sette ballen i mål.

Tre minutt seinare fekk dei frammøtte på Skavøypoll stadion sjå nærast ein kopi av det første målet, der ballen hamna på Hagen sitt hovud og i mål. Laga gjekk til pause på stillinga 3-0.

Andre omgang bølgja meir fram og tilbake. Årdal pressa på for redusering, men Skavøypoll-forsvaret og keeper Einar Barmen stoppa sogningane sine forsøk.

I det 82. speleminuttet gjekk Jon André Thue ut, og inn kom Anders Martin Kvalvåg. To minutt seinare fastsette innbyttaren sluttresultatet, 4-0, etter at Skavøypoll-spelaren sat ballen i mål på sin første touch i kampen.

På Nordfjordeid stod gultrøyene i kø for å score då Vik stod på motsett banehalvdel laurdag ettermiddag. Heimelaget gjekk ut med høgt press, noko dei raskt fekk betalt for. I det fjerde speleminuttet starta Runar Naustdal det som vart eit målshow på Eid då han sette inn 1-0 til vertane.

I løpet av den første omgangen scora Naustdal nok eit mål. Kristian Lefdal og Vebjørn Høynes noterte seg også for scoringar før pause. Høynes sitt mål kom på ei straffe.

I andre omgang scora både Høynes og Lefdal kvar sitt mål til. I tillegg sette Johan Skorge inn ei scoring etter eit innlegg frå nemnte Naustdal.

Eid vann til slutt komfortabelt 7-0.