– Det er veldig kjekt å vere tilbake. Det er her eg har kompisane mine, og eg kjenner dei aller fleste veldig godt. Sjølv om resultata har variert er det god stemning i laget. Alle er gode vener, og det er ei styrke for eit lag, fortel Myre Silden.

Trass i at raudebergaren berre er 19 år er han blant spelarane med mest rutine i det unge laget til Tornado Måløy.

– Eg er framleis ung og prøver å lære heile tida. Samstundes er eg blant dei med mest rutine, og då føler eg at eg må prøve å ta ei lita leiarrolle. Det er viktig at alle tar ansvar, spesielt dei som er i posisjon til å løfte og motivere dei andre.

TMFK fekk det tøft i oppgjeret mot Kaupanger fredag, og Myre Silden fortel at ein må forvente at resultata varierer når ein har eit ungt lag.

– Når ein kjem opp med unge spelarar vil det løne seg til slutt. Ein får ikkje betre læring enn å møte den best mogleg motstanden, slår han fast.

Utnytta ikkje sjansane

TMFK gjekk til kampen med eit mål om å prøve å ligge kompakt og ikkje ta sjansar. Myre Silden fortel at gjestane klarte seg greitt i starten, trass i ei rotete opning. Men etter 23 minutt sette sogningane ballen i mål.

– Vi slapp inn det første målet på ein corner. Dei har mange store og rutinerte spelarar, medan vi er eit lite og ungt lag, seier Myre Silden, og peikar på at to av dei mest rutinerte spelarane, Thor-Aage Pleym Evensen og Marius Stavenæs Refvik, ikkje var med i kampen.

– Elles var det ganske 50/50. Vi hadde mange sjansar, men vi hadde ikkje marginane på vår side. Vi hadde ein del stikkarar som kunne ha kome gjennom.

Til pause leia vertane 3-0, og TMFK-spelarane vart einige om å ta fleire sjansar og trykke på.

– I andre omgang hadde vi mange sjansar, men igjen er det dei som klarar å sette sjansane sine. Vi vart litt for treige.

Kaupanger spelte seg til to mål i andre omgang. I 90. minutt pynta Stefan Misic på resultatet, og kampen enda 5–1.

Lovar å levere

Sondre Myre Silden er sikker på at det unge TMFK-laget kjem til å levere gode resultat utover denne sesongen i Kretsligaen.

– Det er veldig kjekt når publikum kjem for å støtte oss. Jo fleire som kjem, desto betre er det. Når vi spelar på heimebane, skal verkeleg bortelaget føle seg som eit bortelag, seier Myre Silden, og avsluttar:

– Det er berre å fortsette å støtte os, så skal vi levere resultater utover i sesongen.

Thomas Husevåg (16) fekk sin debut for Tornado Måløy i kampen mot Kaupanger.

KAMPFAKTA

Kretsligaen, menn

Kaupanger–Tornado Måløy 5–1 (3–0)

Mål: 1–0 (23) Øystein Østvik, 2–0 (26) Sindre Rørvik, 3–0 (41) Kristian Hauståker, 4–0 (62) Rørvik, 5–0 (71) Rørvik, 5–1 (90) Stefan Misic

Dommar: Rolf Kåre Almenning, Florø

Gult kort: Eit til Kaupanger

Tornado Måløy: B. Torheim Andal, J. Våge, C.A. Nore, Christ. Nore, S. Frantzen, S. Myre Silden, F. Mortensen, R. Gotteberg, S. Eide Nordbø, S. Misic, H. Myhre

Innbytarar: T. Husevåg, F. Øvrebø, T. Bakke