Han fortel om treningar der dei kan vere fire til fem spelarar.

– I fjor hadde vi eit snitt på tolv spelarar på kvar trening. Men plutseleg er vi berre fire-fem, forklarar han.

Problemet botnar i at mange av raudtrøyene studerer vekke, og at dei difor berre kjem heim til kamp i helgene.

– Nesten alle spelarane er frå Bremanger, men så studerer dei andre plassar, seier Rylandsholm, som sjølv bur i Bremanger og arbeider for Husevåg Rør.

Vel å fokusere på det positive

Bremanger samarbeider i år med Svelgen om eit lag i 6. divisjon, og enkelte av Svelgen-spelarane er tilgjengelege for spel i den raude BIL-drakta i Kretsligaen. Samarbeidet inneber også at ein prøver å få til nokre fellestreningar med spelarar frå Bremanger og Svelgen.

– Det har hjelpt på treningssituasjonen. Vi har hatt nokre fellestreningar der vi har vore fleire, så det har vore greitt. Men vi må kanskje prøve å få til nokre treningar der vi hentar heim folk for å finne ut korleis vi kan spele. Dei kjem på kamp, og vi spelar i lag, men vi trenar ikkje i lag, seier Rylandsholm.

Trass i at situasjonen er utfordrande vel midtbanespelaren å fokusere på det positive.

– No nærmar det seg ferietid og mange spelarar kjem heim til Bremanger, så då må vi prøve å få til nokre fellestreningar.

– Eg synst vi er veldig god som klarer å få til eit lag. Med tanke på at vi har lite ressursar og ikkje så mange folk å ta av, legg bremangaren til.

– Vi var ikkje heilt på

Fredag kveld fekk raudtrøyene det tøft i indre Nordfjord. Stryningane tok leiinga etter 20 minutt, og bremangarane kom aldri inn i kampen.

– Stryn er gode med ball, og dei spelte oss ut heile tida. Dei pressa hardt. I tillegg mangla vi to midtbanespelarar, forklarar Rylandsholm, og viser til at både Martin Svarstad og Håvard Mjølkeråen ikkje spelte.

– Vi måtte bruke to spelarar som aldri har prøvd seg som midtstopparar i den posisjonen, men dei klarte seg eigentleg veldig godt, seier Eirik Rylandsholm.

Bremangarane klarte å hindre vertane i fleire scoringar i første omgang, og stillinga til pause var 1–0.

– Første omgang klarte vi å kome til halvsjansar og vi klarte også å halde litt på ballen. Men vi må bli flinkare til å trille ball langs bakken. I andre omgang rakna det. Vi var litt uheldige, men samstundes kunne det blitt fleire mål til Stryn, seier Rylandsholm, som fortel at Bremanger-keeper Kenneth Fosse Elde gjorde ein god kamp.

Rylandsholm meiner det ikkje er noko å ta med seg frå oppgjeret mot Stryn, og ser heller framover mot kampen mot Dale neste laurdag.

– Situasjonen snur veldig fort. Eg er heilt sikker på at vi tar tre poeng mot Dale.

KAMPFAKTA

Kretsligaen, menn

Stryn–Bremanger 5–0 (1–0)

Mål: 1–0 (20) Marius Rauset, 2–0 (48) Håvard Kroken, 3–0 (62) Mathias Ullebø Garlid, 4–0 (63) Kroken, 5–0 (82) Garlid Dommar: Dan Kåre Esp, Eikefjord

Gult kort: ingen

Bremanger: K. Fosse Elde, W. Høyvik Jr., V. Senneset, M. Igland Senneset, H. Rosø, S. Svarstad, T. Rylandsholm, E. Rylandsholm, G. Larsen, M. Klakegg Hauge, A. Midthjell

Innbytarar: A. Hussain, S. M. Klakegg Hauge, M. N. Varpe Hammersland, M. Solo