– Eg er eldst med god margin, men slik har det vore i fleire år. Nokre som har vore litt opp i alder har vore innom laget, men eg synst det er kjekt å spele fotball uansett kven eg spelar med. Og så er det jo slik at dei andre på laget har blitt litt eldre dei òg, smiler Haugen.

Sjølv om han er nær 15 år eldre enn nokre av dei andre spelarane føler han ikkje at han har ei leiarrolle av den grunn.

– Eg kan no ha litt meir erfaring enn dei andre, men når det kjem til leiarroller så kan ein ta det om ein er 18 eller 30. Folk kan forskjellige ting. Eg kan lære av dei og dei kan lære av meg. Men det er klart at eg dirigerer og pratar litt ekstra bak i forsvaret, forklarar han.

Fekk raskt utteljing

Laurdag ettermiddag møtte Hauge og resten av Eid-laget Vik til oppgjer på Nordfjordeid. Heimelaget kom til oppgjeret med einigheit om at dei skulle ha kommandoen på Eid stadion, ha ball og angripe.

– Vi hadde overtaket frå starten av. Dei låg defensivt og det var tydeleg at dei kom for å forsvare seg, seier Haugen.

Eid fekk raskt utteljing for kampplanen. I det fjerde spelminuttet vart Kristian Lefdal spelt gjennom på høgrekanten. Han slo eit innlegg til Runar Naustdal som kippa ballen i mål frå kort hald.

Ti minutt seinare sat Naustdal si andre scoring i kampen, og i løpet av omgangen noterte to eidarar seg til for scoringar. Nemnde Kristian Lefdal og Vebjørn Høynes (straffe) sørga for at eidarane kunne gå til pause på stillinga 4–0.

– Vi fekk utteljing ganske tidleg, og hadde eigentleg full kontroll frå starten av. Det var lite å gjere i forsvaret, så vi kunne heller sende fram fleire. Sjølv om vi leia var dei fornøgde med å ligge der bak å fortsette å forsvare seg.

Lar seg ikkje imponere

I andre omgang fortsette målshowet frå eidarane. Både Høynes og Lefdal scora kvar sitt mål til, og stoppar Skorge, som har meldt overgang frå Førde fekk namnet sitt i målprotokollen. Eid-laget hadde med det fire ulike målscorarar, utan at det imponerer Haugen.

– Det har vore litt forskjellig korleis utteljinga har vore. Den var ikkje kjempegod mot Vik heller. Vi burde kanskje scora enda fleire, når dei låg lågt og vi hadde ballen heile tida. Men veldig kjekt at Runar (Naustdal) fekk seg eit par mål, han har ikkje vore med så mykje.

Kampen mot Vik kom etter to oppgjer der eidarane hadde gitt frå seg tre poeng. Dette var borte mot Fjøra 2. juni og heime mot Årdal førre helg.

– Vi møtte eit godt Fjøra-lag, og der hang vi med eit stykke, men ikkje lenger. I kampen mot Årdal burde vi fått med oss tre poeng, men akkurat i den kampen mangla det. Det er stor forskjell på laga i denne divisjonen, meiner Haugen.

Satsar på ballbesittelse

Dei neste kampane for eidaren er Kaupanger (h) og lokalderbyet mot Skavøypoll (b).

– Eg tenke at vi skal vere favorittar på heimebane, sjølv om dei har vore gode denne sesongen. Men eg trur det blir jamnare enn mot Vik, seier Haugen, som legg til at dei vil satse på same taktikk i neste kamp.

– Vi skal ha ball og angripe.

KAMPFAKTA

Kretsligaen, menn

Eid–Vik 7–0 (4–0)

Mål: 1–0 (4) Runar Naustdal, 2–0 (14) Naustdal, 3–0 (30) Kristian Lefdal, 4–0 (39 str.) Vebjørn Høynes, 5–0 (52) Johan Skorge, 6–0 (60) Høynes, 7–0 (75) K. Lefdal

Dommar: Per Oddvar Lien, Høyang

Gult kort: eit til Vik

Eid: S. Torheim Frislid, D. Haus, A. Hagen Henden, J. Skorge, H. Holmøyvik, H. Haugen, M. Henriksen, R. Naustdal, S. Lefdal, V. Høynes, K. Lefdal

Innbytarar: D. Myklebust, E. Rosø, K. Årskog