– Eg er ikkje vant med å score så mykje mål, så det var ei kjekk oppleving, seier stopparen, som eigentleg spelar for Tornado Bergen.

For i overkant av to veker sidan kom polljaren heim frå studiar i Bergen, og i dei to kampane han har bidrege i har Skavøypoll imponert. Førre helg klarte dei uavgjort mot Fjøra i Sogndal, og laurdag vart det ein overbevisande siger mot Årdal.

– Det har vore to gode kampar etter at eg kom. Det er rart med det, smiler 23-åringen.

Bidrar når han kan

Hagen har budd dei siste tre åra i Bergen. Kvar sommar har han bidratt på Skavøypoll i juni og i august. Til vanleg spelar han som nemnt på Tornado Bergen i 5. divisjon. Etter ni spelte kampar i avdelinga ligg laget på ein 6. plass på tabellen.

– Vi gjer det eigentleg ganske greitt for tida. Det er eit lågterskeltilbod der vi ikkje har så mykje fokus på det sportslege. Det er sosialt og kjekt. Og så møter ein jo ein del lokale heltar og gamle stjerner, fortel Hagen, som legg til at dei trenar som ein til to gongar i veka.

– Det er ei sosial greie, men det er jo sjølvsagt kjekt å vinne kampar der også, seier han.

Stopparen lagde hat-trick

Det var heimelaget som kom best i gang i oppgjeret mellom Skavøypoll og Årdal. Den første scoringa kom allereie etter tre minutt. Ein corner frå heimelaget fann vegen til Hagen sitt hovud, som stanga ballen i mål.

Polljarane hadde mange sjansar i løpet av dei første 45 minutta, og dominerte i store delar av omgangen. Etter 27 minutt datt eit frispark frå Eivind-Rune Flataker ned hos stoppar Hagen som sette ballen i mål. Tre minutt seinare fekk dei frammøtte på Skavøypoll stadion sjå nærast ein kopi av det første målet, der ballen etter ein corner hamna på Hagen sitt hovud og i mål. Laga gjekk til pause på stillinga 3–0.

– Vi tenkte det same som vi gjorde førre helg mot Fjøra. Vi visste at vi møtte eit godt lag og måtte vere litt forsiktige og satse på dødball. Vi har ein del store spelarar, forklarar Hagen, som scora alle sine tre mål etter nettopp dødballar.

I andre omgang pressa ikkje Skavøypoll-laget i like stor grad som dei gjorde i første omgang.

– Målet var ikkje å dette så langt ned det første kvarteret av andre omgang, og det synst eg vi klarte bra. Etter kvart seig vi litt langt ned, men vi hadde god kontroll. Dei hadde ei heading i tverra, men det var det. Vi gjekk litt tomme på midten mot slutten, men eg synst alle leverte veldig bra over heile linja. Det var godt arbeid på ein laurdag.

I det 82. speleminuttet gjekk Jon André Thue ut, og inn kom Anders Martin Hagen Kvalvåg. To minutt seinare fastsette innbytaren sluttresultatet, 4-0, etter at han sat ballen i mål på sin første touch i kampen.

– Vi er inne i ein god periode. No er det viktig å klare å halde oppe trykket, og så får vi sjå om vi klarer å ta poeng mot Eid. Det blir eit bra lokalderby.

KAMPFAKTA

Kretsligaen, menn

Skavøypoll – Årdal 4–0 (3–0)

Mål: 1–0 (4) Håvard Hagen, 2–0 (27) H. Hagen, 3–0 (30) H. Hagen, 4–0 (84) Anders Martin Hagen Kvalvåg

Dommar: Jonny Skjerven, Kaupanger

Gult kort: Håvard Hagen, Skavøypoll, samt to til Årdal

Skavøypoll: E. D. Barmen, H. Hagen, E.-R. Leikanger Flataker, W. Furnes Rakkenes, R. Myre, M. Tvendeseter Kupen, K. A. Gangeskar, J. A. Thue, R. Skorge Stranden, T-. E. Tvendeseter Kupen, O-. P. Listou Storeide

Innbytarar: K. Sandal Gangsø, A. Ramsevik Kvalheim, A. M. Hagen Kvalvåg, E. A. Malmin Nordpoll