Søndag 24. juni var meir enn 20 fotballfrelste barn og unge frå Stadlandet, Selje, Fiskå, Tornado Måløy og Eid samla på Stadlandet for å delta på elitedag i regi av Hødd-spelar Marius Hagen frå Eid. Arrangørane opplyser at deltakarane fekk ein aktiv og kjekk start på sommarferien i sommarregnet på Stadlandet denne midtsommardagen.

– Det var ingen av deltakarane, eller instruktørane, som klaga over regnet, dei var skikkeleg vikingar, og så motiverte og fokuserte at dei lét ikkje til å merke noko til at det regna, seier Marius Hagen i ei pressemelding.

Hagen kom rett frå Hødd-siger over Flekkerøy laurdag, og har no fri i to veker. Han brukte den første dagen i sommarferien på å arrangere elitedag på Stadlandet og synest det er veldig kjekt og viktig å inspirere og motivere unge og ivrige fotballspelarar i regionen.

Arrangørane opplyser at elitedagen er eit tilbod til ungdom i alderen 10 til 16 år, både jenter og gutar, som har lyst å utvikle seg til å bli ein betre fotballspelar, både i form av det ein gjer på fotballbana, men også utanfor bana. Elitedagen har som mål at kunnskapen, motivasjonen og eigentreninga til deltakarane skal bli betre.

Også denne gongen hadde Marius Hagen fått med seg dyktige instruktørar til å gjennomføre elitedagen. Han er takknemleg og glad for alle instruktørane som tek seg tid til å vere med og som bidreg med høg kvalitet i treningsopplegget. I tillegg rettar han ei stor takk til dei frivillige og Stadlandet IL for godt samarbeid og god tilrettelegging.

Instruktørane på samlinga var Jon Georg Rutledal, Magne Elde, Dan Jøran Hafsås, Ole Monrad Alme frå Hødd, Torbjørn Aabrekk og Halgeir Sandal.

Marius Hagen arrangerte elitedag første gong i påska, og denne gongen altså på Stadlandet. Han har allereie planlagt ny utgåve, som blir i Vågsøy.