Løypa er ca. 4,6 km med start på Grotlesanden, trasé gjennom Grolsdalen og målgang på Veten 527 m.o.h. Total høgdestigning er om lag 575 høgdemeter grunna litt ned- overbakke oppe på Vetenplatået. I snitt har løypa stigning på 12,5 prosent, skriv arrangørane på si heimeside.

I 2016 vart det innført puljestart i konkurranseklassa, og det blir det også i 2018 etter gode tilbakemeldingar frå deltakarane, opplyser dei.

Påmelding til konkurranseklassen stenger fredag kveld, men for mosjonsklassen er påmelding mogleg heilt fram til start laurdag føremiddag.

Med godvêret som har vore siste tida er det også håp om løyperekordar.

Noverande løyperekord for menn har John Sombol med 25 minutt og 28 sekund (2009). Løyperekorden for kvinner er det Eli Anne Dvergsdal som har med 31 minutt og 20 sekund (2015).

Beste nasjonale tid oppnådde Thorbjørn Thorsen Ludvigsen i 2015 med eit løp på 25 minutt og 50 sekund.