– Vi må forstå alvoret

FOTBALL (Stryn – Tornado Måløy 2-1): Sveinung Frantzen meiner den største jobben fram mot den avgjerande serierunden neste helg er å forstå alvoret i situasjonen. Håpet hans er at dei unge spelarane skal få spele i Kretsligaen også neste år.

Tornado Måløy-spelar Sveinung Frantzen (t.v.) meiner det er viktig for fotballen i ytre Nordfjord at laget hans held seg i ligaen. – Dei unge spelarane på laget fortener å få spele i Kretsligaen, seier han. Her frå helgas oppgjer mot Stryn. Foto: Stig Høynes  Foto: Stig Høynes

Sport

– Kampen mot Dale blir eit hundeliv. Dei ligg føre oss på tabellen, og vi kjem ikkje til å få noko gratis. Det er vanskeleg å synse om kva som skjer, men vi kjem nok til å kjenne på alvoret. Anten blir det tidenes lengste eller kortaste busstur heim, seier TMFK-spelaren.

– Viktig at vi ikkje rykker ned

Bortekampen mot Dale laurdag kan bli avgjerande for om Tornado Måløy klarer seg i ligaen. Etter 21 spelte kampar står klubben med 19 poeng på ein 10. plass. Bak dei ligg Vik og Skavøypoll med høvesvis 18 og 16 poeng. Vinn TMFK kampen mot Dale, er dei sikra spel i Kretsligaen også neste år.