Senkar ikkje skuldrene

FOTBALL (Bremanger–Dale 3-1): Laurdag tok Bremanger tre viktige poeng på heimebane, men assistenttrenar Tom Milan Cvitanovic Hem og raudtrøyene slappar ikkje av av den grunn.

– Vi såg på dette som ein nøkkelkamp, og vi som trenarar opplever eit lag med god sjølvtillit. No har vi tatt poeng i fire heimekampar på rad, og det er utruleg kjekt, seier assistenttrenar Tom Milan Cvitanovic Hem (t.h.). Arkivfoto: Stig Høynes  Foto: Stig Høynes

Sport

– Dette var herleg i den tette nedrykksstriden. Eg hadde aldri trudd det skulle bli så jamt i botnen, men det er så mange moglege scenario no at vi ikkje kan senke skuldrene, seier han.