Ser stort potensial i klubben og fornyar kontrakten

FOTBALL (Selje – Fjøra2/SIL3 3-2): Selje tok ein knipen siger i søndagens kamp mot Fjøra 2/SIL 3, men trenar Marco Tanasic let seg imponere av Selje-gutane.
Sport

– I dag viste gutane kva dei er gode for. Det var slik eg såg dei då eg først signerte kontrakt med Selje, forklarar Marco Tanasic.

Det var Ole Andreas Solheim, Kristoffer Haugen og Aleksander Kvernevik som putta dei tre måla til Selje i oppgjeret.