Vil ikkje gje seg på 23

FOTBALL (Kaupanger – Eid 2-3): Medan dei andre lokale laga i Kretsligaen kjempar om å halde seg, knivar Eid med Stryn om andreplassen på tabellen. Sjølv kjempar Eid-spissen Kristian Lefdal om toppscorarartittelen.

Etter 21 spelte kampar står Kristian Lefdal (t.h.) med 23 scoringar. Dette er like mange som Malvin Gjerde har notert seg for. Lefdal seier han prøver å gå for toppscorartittelen. Her saman med Håvard Holmøyvik (t.v.) og Marius Henriksen. Arkivfoto: Stig Høynes  Foto: Stig Høynes

Sport

– Eg har alltid eit mål om å bli toppscorar. Det er viktig. No har eg og Malvin Gjerde like mange, så det blir ei spennande sisterunde, smiler Lefdal.

Stiller mannsterke

I kampen mot Kaupanger noterte Lefdal seg for to scoringar, noko som betyr at både han og Fjøra sin Malvin Gjerde står med 23 mål på 21 kampar. Dermed har eidaren mykje å spele for når Skavøypoll kjem på besøk neste helg. Lefdal understrekar at heile laget er motiverte for å gjere sitt beste.