– Eg håpar å nå så langt som mogleg

FOTBALL: Cathrine Nygård (13) frå Måløy har som ein av sju spelarar frå Sogn og Fjordane vore på treningssamling med Coerver i Paris denne veka.

Samling: Cathrine Nygård har denne veka vore på fotballsamling i Paris i regi av Coerver. Programmet har vore fullt med treningar, kampar og sightseeing. Dette er måløyværingen sitt andre treningsopphald i utlandet. I sommar var ho på internasjonal camp i Spania, Total Planet, Medina International Camp. Neste sommar skal 13-åringen på opphald med Sporting De Castilla i Madrid. Begge foto: Privat  Foto: Privat

Sport

På programmet stod mellom anna fotballkamp mot Paris Saint-Germain sine 15-åringar.