Har skrive ny kontrakt

Sjølv om han har vore plaga med skader, har eidaren Oliver Rotihaug signert ny kontrakt for Florø.

Ønsker å bli: Oliver Rotihaug sin låneavtale med Florø utløper etter denne sesongn, men eidaren ønsker å fortsette karrieren i klubben. 

Sport

– Han er skadd no, men er ein speler vi ønskjer med vidare. Han er viktig både i form av kvalitetane han har på bana og i miljøet, seier Florø Fotball sin nye trenar Frode Nybø til Firdaposten.

21-åringen kom til Florø frå SK Brann i 2016, og har over 50 kampar i beltet for dei svarte og blå, men etter ein skade mot Aalesund mista han haustsesongen. Då han var i gang med trening igjen i november, rauk akillessena, og han kan ikkje trene igjen før ut på våren.

No er målet for eidaren å få Florø opp igjen i Obos-ligaen, og han fortel til Firdaposten at han trivst i Florø og er glad dei ville ha han med vidare.

– Når du er skadd er du ikkje så attraktiv hos andre klubbar, så det står stor respekt av Florø som gav meg kontrakt og ønskjer meg med vidare, seier han.