«Likestilt – Tilbakeblikk»:

Vil bryte seg fram til OL i 2020

Kvar søndag gir vi deg eit tilbakeblikk på sakene som har vore på trykk i samband med reportasjeserien «Likestilt» i Fjordenes Tidende. «Likestilt» ser nærare på kvinner sin kvardag i 2018.

Iselin Moen Solheim, som har røter i Selje, satsar alt på å kvalifisere seg til OL i Tokyo i 2020, men for å klare det må 22-åringen til utlandet for å finne sterk nok motstand. Her trener Solheim saman med Kristine Greiner på Seljesanden. Foto: Privat  Foto: Privat

Likestilt
  • Reportasjeserie som vart starta i Fjordenes Tidende i mars i 2017. Prosjektet har som mål å gi eit bilde av kvinner sin kvardag i 2018, samt å få fleire kvinnelege kjelder i avisa.
Sport

Iselin Moen Solheim må reise til utlandet for å finne brytarar som kan utfordre ho. No satsar 22-åringen fullt mot OL i Tokyo.

– Det er OL som er det store målet. Eg har sjølvsagt delmål undervegs, men det er dette eg satsar mot. Per i dag må eg reise rundt og finne betre brytarar. Sjølv om det blir fleire og fleire damer som melder seg på, så er det ikkje så veldig stor konkurranse i Norge enda, fortel Solheim, som har røter i Selje og Bremanger.

– Pappa er frå Selje og eg har besteforeldra mine der. Vi reiser alltid til Selje om sommaren. Sidan det er så langt er det ikkje berre å ta ein svipptur, men når eg har ferie frå sesongen bruker vi alltid reise, det har vi gjort sidan eg var lita, fortel 22-åringen, som bur på Notodden.

Du kan lese meir om «Likestilt» her.

Ein annan ting Solheim har gjort sidan ho var lita er å bryte. Som 7-åring var ho med bror sin på trening. Dette var starten på ei idrettskarriere som så langt har ført til ein bronsemedalje i U23 EM i bryting.

– I byrjinga var det berre bror min eg trente med og mot, men då han måtte gje seg grunna skade byrja eg å bryte mot andre. Det var då interessa verkeleg slo rot.


Ny sjef vil jobbe for sterkare fiskarlag

Fleire unge fiskarar er målet til Henriette Skaar, som 1. juni tok over som dagleg leiar i Sogn og Fjordane Fiskarlag. – Vi må møte ungdomane der dei er, seier den nye sjefen.

 

Frå ho var åtte år har Solheim konkurrert, og interessa har berre vakse i takt med merittane.

– Det er i brytinga eg har mine beste vener, samstundes blir ein veldig godt trent. Vi trener kondisjon, styrke og smidigheit. Ein får også reise mykje, sjølv om det ikkje blir til den tradisjonelle feriestadane. Det blir mange turar til Aust-Europa.

22-åringen trener to gongar kvar dag, men prøver å legge inn ein fridag i veka. Fredag reiser Solheim til Roma. Derfrå går turen til Spania, ein svipptur heim og vidare til USA.

– Det neste målet for meg er U23 VM i november i Romania. Det offisielle uttaket er ikkje gjort, men eg reknar med bronsen frå EM er nok.


 

Sjølv med hektisk timeplan og mykje reising har 22-åringen fått tid til å tenke på kva ho skal gjere når brytekarrieren og studiar er fullførte.

– Det er jo ingen bryteklubbar av storleik på Vestlandet. Målet mitt er å inspirere andre til å bryte, og så har eg veldig lyst til å flytte vestover. Ein bryteklubb i Selje hadde vore fantastisk, smiler Solheim.