Skal konkurrere i Europa i vinter

ALPINT: Etter ein knallstart på sesongen i FIS-cupen er Andrine Mårstøl (19) frå Haugen IL utteken til europacup.

Knallstart på sesongen: Andrine Mårstøl frå Haugen IL på toppen av sigerspallen etter FIS-rennet i storslalåm i Ål 19. desember. Nummer to er Sofie Aam Olsen (Narvik), nummer tre Inni Holm Wembstad (Asker). Mårstøl reiste rett frå Ål til juleferie heime på Eid. FOTO: PRIVAT 

Sport

– Eg har fått beskjed om at eg blir med på europacuplaget til Austerrike, Italia og Sveits i perioden 6. til 26. januar. Eg skal køyre renn i Austerrike og Sveits, seier Haugen-alpinisten.