Inviterer til dobbel dose cup

FOTBALL: Helga 19.–20. og 26.–27. januar inviterer Tornado Måløy FK til Sparebanken Vest Cup i Nordfjordhallen.

Vann si klasse: Tornado Måløy kunne til slutt juble for siger i klassa for gutter 15 år under fjorårets cup. Foto: Stig Høynes 

Sport

Turneringa har sidan starten i 1986 utvikla seg til den største innandørsturneringa mellom Bergen og Ålesund med eit snitt på over 150 deltakande lag.

– Etter gode tilbakemeldingar på turneringsformatet i år vil også Sparebanken Vest Cup 2019 bli gjennomført over to helgar, heiter det i invitasjonen frå Tornado Måløy.


 

Konkurranseklassene (13-17 år) gjennomførast helga 19.–20. januar, mens dei yngste klassene (7-12 år) blir helga etter, 26.–27. januar.

– Vi ynskjer alle velkommen til ei flott fotballoppleving på den største innandørsturneringa mellom Ålesund og Bergen.