Forsterkar laget med nysignering

FOTBALL: Tor-Erik Tvendeseter Kupen har meldt overgang til Tornado Måløy. Den tidlegare Skavøypoll-spelaren signerte kontrakten måndag.

Tor-Erik Tvendeseter Kupen (t.h.) har signert kontrakt med Tornado Måløy. Den tidlegare Skavøypoll-spelaren har ambisjonar om å trene meir og betre enn nokon gong slik at laget kan ta opp kampen med mellom andre Stryn og Eid i Kretsligaen igjen. I løpet av fjorårssesongen spelte 23-åringen 21 kampar for Skavøypoll og scora åtte mål. Her står Tvendeseter Kupen saman med nestleiar Endre Rutledal i TMFK under kontraktsigneringa måndag. Foto: Privat  Foto: Privat

Sport

– Det er med blanda følelsar at eg no tar steget vidare frå SIL. Eg har tru på at laget får ein god sesong i 5. divisjon under leiing av Stig-Hermann Hagen, men for min del vart det avgjerande at TMFK har begynt den sportslege satsinga som var tanken med overbyggingsklubben. Eg håpar det blir ein overbyggingsklubb frå 2020, og har stor tru på dei planane TMFK sitt trenarteam har lagt for 2019, seier Tvendeseter Kupen.