Ønskjer å etablere damelag i år

FOTBALL: Eid Fotball vil igjen prøve å danne eit seniorlag for damene.

Eid vart kretsmeister i 3. divisjon i 2012. No prøver klubben å stable eit nytt lag på beina. Arkivfoto 

Sport

– Eid Fotball ønskjer å etablere eit damelag for sesongen 2019. Vi er på jakt etter enda fleire spelarar og håpar at du vil vere med, skriv fotballklubben på sine Facebook-sider. 

Klubben har dei fire siste sesongane ikkje stilt med damelag i serien, men no er det bestemt at klubben igjen vil prøve å etablere damelag.

Eid sitt damelag vart for andre året på rad kretsmeister i 3. divisjon i 2012.