Gler seg over å vere saman om fotballen

Denne helga arrangerer Tornado Måløy FK den første av to helger med Sparebanken Vest cup i Nordfjordhallen. På den første av to turneringsdagar var det både god stemning og vinnarvilje til stades.
Sport

– Vi satsar på pokal, seier dei seks jentene frå Åheim som stilte i jenter 13-klassa, laurdag.

Jentene fortel at dei har det veldig gøy på fotballcup i Nordfjordhallen og at dei skal gi det dei klarer på bana. Men dei understrekar at det viktigaste er å ha det kjekt i lag.