Har signert for ny klubb

FOTBALL: Stårheimaren Vebjørn Høynes har signert ein kontrakt med Fana IL Fotball sitt herrelag.

Vebjørn Høynes er klar for Fana. Arkivfoto: Stig Høynes 

Sport

20-åringen har spelt fast for Eid sidan 2014-sesongen, med unntak av ein liten periode i Fyllingsdalen i 2017.

– Høynes er ein roleg og klok spelar med svært gode basiskunnskapar. Eidaren har i tillegg markert seg som ein målfarleg spelar med ein dødleg frisparkfot. Ungguten er klar for å utvikle seg vidare i Fana IL Fotball og passar perfekt inn i ei gruppe som har lyst til å ta steg saman, skriv klubben på sine heimesider.

Høynes starta 21 kampar for Eid i Kretsligaen i fjorårssesongen, og scora 17 mål.