Ni lokale lag skal kjempe om tittel

FUTSAL: Laurdag og søndag blir sluttspelet i KM Futsal arrangert på Sandane. Ni lokale lag skal kjempe om tittelen.

Svelgen stiller med tre lag under sluttspelet i KM Futsal. Her er Svelgen G14 under Sparebanken Vest Cup. Foto: Stig Høynes  Foto: Stig Høynes

Sport

Totalt 96 lag frå 27 forskjellige klubbar er klare for sluttspelet som går føre seg 2. og 3. mars i Trivselshagen på Sandane.

Svelgen er den lokale klubben som har med flest lag. Dei har med G13, som skal i aksjon laurdag og G14, som spelar søndag. Svelgen har også med eit junior damelag som spelar sine kampar søndag.

Tornado Måløy og Eid har med to lag til sluttspelet. TMFK har med eit G13-lag (laurdag) og G14 (søndag). Eid stiller med G16 (søndag) og J15 (laurdag).

Bremanger og Heia stiller med eitt lag kvar. Førstnemnde ha med G14 (søndag), og Heia stiller med J14-lag (søndag).