Nye skilt skal få fleire turgåarar til topps

FJELLTRIM: Med om lag 130 merkeskilt ønskjer Stadlandet IL si trimgruppe å senke terskelen for folk som vil ut på tur.

F.v. Lars-Helge Honningsvåg, Nicholas Borgundvåg Otneim, Andrea Årsheim Bakkebø, Regine Kristine Stevenson og prisutdelar Tone Beate Hoddevik Drage. Foto: Privat  Foto: Privat

Sport

– Det er jo heilt vanleg å merke turvegar, men ideen fekk eg då eg sjølv var på tur og skulle gå på fjellet på ein framand plass. Der var det ikkje merka og eg måtte bruke mykje tid på å finne fram. Då tenkte eg at slik skal det ikkje vere med oss. I tillegg ønskjer vi å senke terskelen, og gjere det lettare for dei som vil gå på fjellet, men ikkje er så kjende seier Lars-Helge Honningsvåg i trimgruppa.