Har forsterka laga før nabooppgjeret

Laurdag møtest Eid og Tornado Måløy i Kretsligaen. Før kampen har begge laga sikra seg nye spelarar.

Alexander Gudni Jakobsson er tilbake i Tonado Måløy og Eid har fått Mads Wie inn i troppen før laurdagens kamp. Foto: TMFK/Eid Fotball 

Sport

Alexander Gudni Jakobsson er tilbake i Tornado Måløy. Det opplyser klubben på sine Facebook-sider. 19-åringen, som har spelt for Stryn dei siste sesongane, er i troppen som laurdag møter Eid.