Sjå bilete frå fotballfesten

I helga er det duka for den 25. utgåva av Selje Cup. Med fantastisk vêr låg alt til rette for ei bra helg.
Sport

Lag frå Austrheim i sør til Ålesund i nord har i helga tatt turen til Selje i høve årets fotballturnering. Vêret spelte på lag, mange kampar vart spelt og stemninga var god på Selje Idrettspark denne laurdagen. Spelarane kunne koble av frå fotballen med mellom anna hoppeslott, klatrepark og bading.