Fekk ein best tenkeleg debut i gult

FOTBALL (Eid – Tornado Måløy 2-0): Mads Wie brukte 20 sekund på å sette sitt første mål i gult, og det mot sin tidlegare klubb. – Det kan verke som eg er ute etter å lage kvalm i heile Nordfjord, men det er eg ikkje.

Mads Wie, som nyleg gjekk frå Stryn til Eid, brukte 20 sekund på å sette si første scoring for gultrøyene. Foto: Marianne S. Rotihaug 

Sport

Det seier Mads Wie, som nyleg gjekk frå Stryn til Eid, etter at han sette inn 2–0 målet mot Tornado Måløy, som han også tidlegare har spelt for.