Meiner at laget har løfta seg i løpet av våren

FOTBALL (Selje/Åheim - Kaupanger2 0-0): Med lagets andre poeng for sesongen tek Selje/Åheim sommarferie. Sara Refvik Hove er nøgd med resultatet, og meiner utviklinga har vore god denne våren.

Selje/Åheim spelte 0-0 mot Kaupanger2 i siste kamp før sommarpausen. Biletet er frå ein kamp tidlegare i sesongen. Arkivfoto: Marianne S. Rotihaug. 

Sport

– Vi klarte å spele 0-0 mot eit lag med førstelagsspelarar. Dei var veldig ballsikre, men vi ga oss aldri og kjempa på, seier Refvik Hove.