Er på samling med dei største talenta i Norge

Sondre Nor Midthjell frå Eid er denne veka med på Equinor sin talentleir i Porsgrunn, saman med Norges mest talentfulle spelarar på sin alder. Landslagskeeper Rune Almenning Jarstein er blant mentorane på leiren.

Trente med landslagskeeperen: Eidaren Sondre Nor Midthjell er med på talentleir i Porsgrunn denne veka. F.v.: Jan Erik Stinessen frå NFF, Sondre Nor Midthjell og Rune Almenning Jarstein. Foto: Ole Jørgen Brattland, Equinor. 

Sport

Midthjell er ein av over 120 spelarar i alderen 14 til 16 år som deltek på leiren, som blir arrangert av Norges Fotballforbund (NFF) og Equinor sitt talentprogram Morgendagens helter.