Meiner klubben kan ta nye steg

FOTBALL (Eid – Førde 1-3): Torbjørn Aabrekk har spelt tre kampar for Eid etter overgangen frå Byåsen, og 25-åringen ser god utvikling hos laget han sist spelte for i 2014.

Tilbake: Sist gang Torbjørn Aabrekk (t.h.) spelte for Eid var i 2014. No har han spelt tre kampar for gultrøyene, og sjølv om han meiner laget i det siste har hatt ein formdupp, ser han god utvikling i klubben. – Vi har etablert oss i toppen og er det beste laget i Nordfjord, seier han.  Foto: Stig Høynes

Sport

– Vi har etablert oss i toppen og er det beste laget i Nordfjord. Eid er i ein fin posisjon. Det går an å ta eit steg til og bli ein opprykksfavoritt eller tittelutfordrar. Men det er noko klubben må ta stilling til, seier Aabrekk.