Stor bildeserie:

Heldt varmen med dans på toppen

Bandet Good Time Charlie sørga for at dei kring 500 som var innom Veten i Bremanger heldt varmen i dag.
Sport

Det var duka for både opning av dagsturhytta og Vetenløpet laurdag. Totalt var om lag 500 personar på toppen totalt. Deltakarar og mosjonistar starta turen ved Grotlesanden i strålande sol, før dei vart møtt av skodde då dei nærma seg toppen. Der sørga Good Time Charlie for at ingen stod stille, og tok med publikum på både dans og song.