Norway Cup:

TMFK rodde i land sigeren i naboduellen mot Vanylven

FOTBALL (J15/16, 7er Tornado Måløy – Vanylven 2-0): Tornado Måløy sto imot eit kraftig press frå naboane frå Vanylven og sikra sigeren med ei scoring i kvar omgang.

Tornado Måløy møtte Vanylven i andre kampen i gruppespelet på Ekebergsletta måndag. Spelarane (f.v.) Cecilie Myklebust (TMFK), Lea Silden (TMFK), Tonje Aaland Brekke (Vanylven), Kaia Nygård Tunem (Vanylven) i lag med hovudtrenarane sine Birger Silden (heilt til venstre) og Vebjørn Aaland Brekke (til høgre bak).  Foto: Odd Inge Rand

Sport

Tornado Måløy-jentene kom frå 6-2-tap mot Malvik søndag, mens jentene frå Vanylven tapte 5-4 mot Gjerdrum same dag. Det var med det to revansjesugne lag som møttes på bana i det dag gjekk mot kveld på Ekebergsletta måndag.