Norway Cup:

Vanylven bør døypast om til Vinn-ylven!

FOTBALL (G16, 7er Vanylven1–Ørje 15-0 / Vanylven2 – Bækkelaget 3-2) Vanylven sine to 7er-lag i G16-klassen har to sigerar av to moglege. Dermed er det A-sluttspel på heile den 20 spelarar-store gutetroppen frå Vanylven.

Det er god stemning i Vanylven-stallen som tel 20 fotballspelarar i alderen 14-16 år. Dei to laga har spelt to kampar kvar, og dei har vunne alt så langt.  Foto: Odd Inge Rand

Sport

Fyrstelaget si oppvisning mot Ørje måndag var stor idrett. Dei ga seg ikkje før fløyta ba dei om det, og då sto det heile 15-0 til dei knallsterke spelarane frå Vanylven. Vel og merke det same laget som tapte 3-0 i fjorårets A-finale i 7’er-fotball.