Norway Cup:

B-sluttspel for Tornado Måløy-jentene

FOTBALL (J15/16, 7er Tornado Måløy – Gjerdrum 1-1) Eit tap, ein siger og eit uavgjort-resultat sendte Tornado Måløy sine jenter i J15/16-klassen til B-sluttspelet i Norway Cup.

Det blei eit tap, ein uavgjort og ein siger gjennom gruppespelet for Tornado Måløy. Kampen mot Gjerdrum vart ein tett kamp, der Tornado Måløy var gode defensivt. – Vi har vore flinke til å jobbe tilbake. Vi har tetta det til for dei bak, seier kaptein Kristine Myklebust.  Foto: Odd Inge Rand

Sport

Søndag blei det ein tøff start på turneringa med 2-6-tap mot Malvik. Måndag vann dei lokaloppgjeret mot Vanylven 2-0 før dei spelte jamt med Gjerdrum og delte poenga etter 1-1 etter eit sjølvmål tysdag.