Norway Cup:

Målfest for andre dag på rad

FOTBALL (G13 9er Tornado Måløy – Sotra 8-2): Norway Cup har vore ein fest for 13-åringane frå Tornado Måløy så langt. Sjølv om dei kom litt seinare i gang enn dei andre.

Etter ein litt trøblete start søndag, har G13-laget frå Tornado Måløy diska opp med 7-0 over Lyn måndag og 8-2 mot Sotra tysdag. Nå er dei klare for A-sluttspel i sin fyrste Norway Cup nokosinne.  Foto: Odd Inge Rand

Sport

– I opningskampen mot Eik Tønsberg søndag måtte vi minne gutane om at kampen faktisk var i gong, seier trenar Tor Kåre Myhre og ler.