Norway Cup:

Tornado Måløy heldt berre unna i ein omgang

FOTBALL (G13/14, 9er Tornado Måløy – Gaza Cannan Football 0-4): Tornado Måløy heldt buret reint fram til pause mot sterke Gaza i fyrste kampen i A-sluttspelet onsdag. Men så rakna det.

Tornado Måløy tapte med hederlege 0-4 mot eit mykje betre lag på Ekebergsletta i sin fyrste sluttspelkamp. Dei hadde ingen grunn til å henge med hovudet.  Foto: Odd Inge Rand

Sport

Det var ein gjeng med sletne fotballspelarar som gjekk til pause etter å ha helde Gaza-spelarane vekke frå målstreken sin gjennom dei 20 fyrste minutta onsdag morgon.