Norway Cup:

Vanylven-jentene blei tabelljumbo

FOTBALL (J15/16, 7er Vanylven – Malvik 2-6): I løpet av tre kampar i gruppespelet for Vanylven sitt J15/16-lag i 7er-fotball, blei det like mange tap. Dermed startar sluttspelet i B-klassen frå onsdag av.

Det har vore tre tøffe kampar for jentene frå Vanylven i gruppespelet i Norway Cup. Sjølv om innsatsen har vore god, blei det sisteplass og B-sluttspel for 15- og 16-åringane.  Foto: Odd Inge Rand

Sport

Bak resultata ligg det likevel godt fotballspel og tette oppgjer. Laget frå Vanylven kom til Oslo og opna jamt mot Gjerdrum som dei tapte knapt mot med 4-5 søndag.