Norway Cup:

Svelgen tapte etter å ha leia 2-0

FOTBALL (G13/14, 7er Svelgen – Rollon 2-3): Svelgen var eit fyrverkeri i starten av kampen mot Rollon og leia 2-0 før Rollon fekk sukk for seg. Men så vakna laget frå Ålesund.

Svelgen leia 2-0, men så vakna Rollon og scora tre mål. Då blei det surt 2-3-tap for Svelgen-laget i 1/8-delsfinalen i A-sluttspelet i Norway Cup 2019.  Foto: Odd Inge Rand

Sport

Svelgen opna A-sluttspelet onsdag med 6-1 over Hasundgot og kom til Abildsø stinne av sjølvtillit før kampen mot Rollon i 1/8-delsfinalen onsdag kveld.