Bremangarane gjorde jobben førre måndag, og tok tre poeng mot Florø2. Denne helga er det Syril som står på motsett banehalvdel, før Kaupanger kjem til Bremanger neste helg. Før laurdagens kamp ligg Bremanger på 8. plass i Kretsligaen, à poeng med Dale, og to poeng bak nemnde Kaupanger.
Laurdag skal også Tornado Måløy i ilden. Førre helg tapte TMFK 2-0 mot Stryn, men laurdag ventar eit heimeoppgjer mot Dale.
Same dag tar Eid imot Høyang på Eid idrettspark. Høyang ligg tredje sist på tabellen, medan eidarane finn seg i andre enden av tabellen, tredje først.
I femte divisjon skal Skavøypoll i aksjon fredag. Polljarane kjem frå ein bortesiger (4-0) mot Sandane førre helg. Denne helga skal også polljarane på reise. Denne gongen til Førde der motstandar er Anga.
Sunnfjord-motstand blir det også for Selje i same divisjon. Dei møte Førde2 borte søndag.