Arrangerer motbakkeløp for femte gong

Laurdag 24. august er det klart for femte utgåve av motbakkeløpet Troda Opp på Davik i Bremanger.

Troda Opp arrangerast for femte gong. Her er ein del av deltakarane i løpet i 2017. Foto: Kjell Askeland 

Sport

Troda Opp er ein del av SFE motbakkecup som består av fire motbakkeløp i Nordfjord, og deltaking i tre av fire løp kvalifiserer til trekning av premiepengar.

– Målet med løpet er å halde ein rettferdig konkurranse i god norsk idretts- og fjellånd, skriv arrangørane.

Alle som når toppen får medalje. Alle må stille med sekk på minst 2.5 kilo og opplada telefon.

– I god norsk fjelltradisjon ferdast vi med varme kle i sekken og utstyr til å klare oss om noko uføresett skulle skje, skriv arrangørane som også minner om å ta med seg eige søppel ned att frå fjellet.