Ville vise gamle lagkameratar kven som er best i Nordfjord

FOTBALL (Eid – Stryn 5-0): – Før kampen hadde vi ein enorm prat om at vi ville vise Stryn kven som er best i Nordfjord.

For andre gong denne sesongen scora eidarane fem mål på stryningane. Resultatet etter to kampar mellom naboane i Kretsligaen er 10-1 i målforskjell. På scoringslista stod Henning Haugen (t.v.), Mads Wie (nr. 3 f.v.), Joakim Frislid Vedvik (2) og Ole-Andreas Aarvik. Foto: Stig Høynes  Foto: Stig Høynes

Sport

Det seier tidlegare Stryn-spelar Mads Wie om oppkøyringa til lokaloppgjeret på Nordfjordeid. i 16. mai-kampen vann eidarane 5-1, og laget beviste at dette ikkje var tilfeldig.