Seksmålsscoraren feira med hamburgar-avtale

FOTBALL (Selje-Jølster 8-2): Avtalen som gir Selje-spelarane ein hamburgar frå Shell for kvart hat-trick dei scorar gav god utteljing for Joachim Refvik søndag.

Det var ein innbringande dag for Joachim Refvik og Selje søndag. Refvik scora seks av måla i 8-2-sigeren, og kunne feire med gratis burgar frå Shell. – Men eg er litt usikker på om det blir to hamburgarar for dobbelt hat-trick. Det var så usannsynleg at det har vi ikkje sagt noko om i avtalen, seier Refvik, som her feirar saman med Jonas Beitveit og Aleksander Kvernevik.  Foto: Stig Høynes

Sport

– Litt gratis mat er god motivasjon, smiler seksmålsscoraren, som sjølv har designa avtalen.