Meiner kampen burde blitt flytta

FOTBALL: Skavøypoll-trenar Stig-Hermann Hagen er ikkje fornøgd med at kretsen valte å utsette kampen mellom Jølster og Skavøypoll.

Stig-Hermann Hagen og Skavøypoll foreslo å bytte arena for å få spelt kampen mot Jølster. Arkivfoto: Marianne S. Rotihaug 

Sport

– Vi har henta heim spelarar til denne kampen, og det kostar oss pengar. Vi meiner ein kunne bytta kamparena og fått spelt kampen, sa Hagen til Fjordenes Tidende søndag, då kampen eigentleg skulle gått.