Gler seg ovar at dei er i mål med avtalen

FOTBALL: Tornado Måløy sitt G15/17 lag består av spelarar frå både Skavøypoll og Tornado Måløy. Med sine erfaringar med samarbeid trur dei at ei samanslåing vil føre med seg positive ting, både for Måløy FK og spelarane.

Tornado Måløy sitt G15/17 lag består av spelarar frå både Skavøypoll og Tornado Måløy. Spelarane er positive til at ein no dannar ein ny felles overbyggingsklubb for ungdoms- og seniorfotballen og ser fleire fordelar med det.   Foto: Marianne S. Rotihaug

Sport

– Det er bra for det sportslege miljøet, vi blir fleire på trening og vi får ei betre innstilling inn mot kampane. Så det er veldig kjekt at ein er einige om å lage ein felles klubb, seier Erik Flataker, som er tidlegare Skavøypoll-spelar, men som no spelar på Tornado Måløy.