Held døra til 5. divisjon open

FOTBALL (Eid 2 – Breimsbygda/Jølster 2 17-7): Etter eit målrikt oppgjer tysdag kveld vart det klart at Eid 2 vart avdelingsmeister i 6. divisjon.

Eid2 er avdelingsmeistrar i 6. divisjon avdeling 3 etter storsigeren over Breimsbygda/Jølster2. Foto: Stig Høynes 

Sport

– Vi har ikkje bestemt oss heilt med tanke på opprykk. Det handlar om at vi må sjå kva spelarar vi har tilgjengeleg, noko som heng saman med kva vi gjer med gutelaget. Det kan vere at vi flyttar fleire gutespelarar opp, og då kan det vere ein moglegheit, for vi har ikkje stor nok a-stall til av vi kan bere det aleine, seier Eid-trenar Dan Jøran Hafsås.