Siste gong i Skavøypoll-drakta

– Ein emosjonell kamp

FOTBALL (Skavøypoll-Vik 3-4): Stian Åmelfot, Kim André Gangeskar og Lars Eltvik Nygård skreiv seg inn i historiebøkene som dei siste målscorarane for Skavøypoll.

Her feirar Lars Eltvik Nygård og Skavøypoll 2-1-målet. Heimelaget leia kampen tre gonger, men måtte til slutt sjå seg slått av Vik. Sogningane blir med sin siger i 5. divisjon også motstandar for Måløy FK i kretsligaen neste år. Foto: Marianne S. Rotihaug 

Sport

– Det var litt emosjonelt å spele den siste Skavøypoll-kampen per no. Det var ei veldig spesiell stemning før og etter kampen, og kanskje spesielt etter kampen. Då var det var veldig stille i garderoben. Det var vemodig, spesielt med tanke på at vi hadde håpa å avslutte med siger, seier Nygård.