– Kjekt å bli satsa på

FOTBALL (Stryn-Bremanger 7-1) 15-åringen Kim-Christian Liset har denne sesongen blitt fast inventar i Bremanger sin ellevar.

Bremanger og Kim-Christian Liset trur laget skal klare å halde seg i kretsligaen også neste år, sjølv om det vart tap mot Stryn laurdag. – Viss vi er skjerpa og på, så trur eg vi tar Dale i neste runde. Alle veit det er ein viktig kamp, og då trur eg alle legg ned ein ekstra innsats, seier Liset. Foto: Stig Høynes 

Sport

– Eg syns det er veldig kjekt at Torbjørn (Glomnes, trenar) og dei andre vil satse på meg ved å gje meg speletid, seier Liset.