Haustar erfaringar

FOTBALL (Eid-Studentspretten 1-1): Gutespelar Eskil Heggen Starheim har gjort to innhopp på Eid sitt seniorlag i haustsesongen. 16-åringen meiner også tida på benken gir han nyttig erfaring.

Eskil Heggen Starheim (i midten) er ein av fleire unge debutantar som har fått speletid på Eid sitt A-lag i år. I kampen mot studentane frå Sogn vart 16-åringen bytta inn etter litt over timen spelt. Han var også med under eidarane sitt bortemøte i Måløy førre runde, men då vart det ikkje speletid. – Det er ganske lærerikt berre det å sitte på benken, seier Starheim. Foto: Marianne S. Rotihaug 

Sport

– Det er kjekt å vere med på kampane og å vere med gjengen, seier Starheim.