– Det kunne fort enda med tre poeng til oss

FOTBALL (Selje/Åheim-Studentspretten 2-2): Samarbeidslaget fekk ein god start, men nok ein gong vart det berre nesten tre poeng.

Guro Lesto Larsen (F.v.) og Martine Nøstdal scora Selje/Åheim sine mål i 2-2-kampen søndag.   Foto: Marianne S. Rotihaug

Sport

– Det var ein god kamp frå vår side, og det var langt jamnare denne gongen. Vi kunne fort tatt tre poeng, men nok ein gong vart vi litt tunge mot slutten. Vi er litt leie av nesten, seier Arnt Ove Lunde, oppmannen til Selje/Åheim, om kampen dei leia 2-0, fram til det stod 20 minutt att.