Sette punktum for TMFK

FOTBALL (Tornado Måløy-Årdal 1-2): Medan bortelaget jubla over å ha blitt seriemeistrar i kretsligaen gjekk Tornado Måløy- spelarane av bana for siste gong på Måløy stadion.

TMFK sin siste kamp på Måløy stadion mot Årdal laurdag vart også Eirik Holvik (t.h.) sin siste A-lagskamp. – Det hadde sjølvsagt vore kjekt å kunne seie at ein har spelt for MIL, TMFK og Måløy FK, men no har eg begynt å bli så gamal, og det er mykje andre ting som skjer. Så mi rolle, i alle fall som spelar på A-laget, er over, seier Holvik etter kampen. Her saman med TMFK-spelarane Simon Eide Nordbø (f.h.), Espen Sandal og Marius Stavenæs Refvik (delvis skjult).   Foto: Marianne S. Rotihaug

Sport

– Eg tenkte på at det var siste kampen i det vi gjekk inn på bana, men elles tenkte eg ikkje så mykje på det, seier Tornado Måløy-spelar Eirik Holvik.