Opna det nye tennisanlegget i bygda med snorklipping

– Det kjennast godt å vere ferdig, det har vore mykje jobb, men når ein ser kor fin bana blei, så har alt vore verdt det.

Petter Leikanger (i midten) klipte snor og erklærte tennisbana for opna. Her er han saman med Mattis Drage (t.v.) og Gabriel Vårdal.   Foto: Privat

Sport

Det seier Petter Leikanger, som har vore prosjektleiar for tennisbana på Stadlandet. Han klipte snora på opninga framfor 120 skuelystne, fredag ettermiddag.